Asle Sjåstad
Asle Sjåstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. januar 1930 Hol kommune |
Død | |
Yrke | alpinist |
Asle Sjåstad (6. januar 1930–22. mai 2009) var ein norsk alpinist frå Hol i Buskerud, busett på Geilo og medlem av Geilo Idrettslag. I åra frå 1955 til 1960 vann han til saman åtte norske meisterskapstitlar i dei tre eldste alpingreinene. Han var morfar til skiskyttaren Vetle Sjåstad Christiansen og fristilsrennaren Tiril Sjåstad Christiansen.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Sjåstad markerte seg fyrste gongen då han på seinvinteren 1952 tok ein bronsemedalje i utfor under noregsmeisterskapen i Molde, med tida 1.49,0 var han 2,7 sekundar bak vinnaren Alf Opheim. To år seinare vann Sjåstad bronsen i alle tre NM-øvingane på Voss; slalåm, storslalåm og utfor, Stein Eriksen vart noregsmeister i dei to tekniske øvingane, Sigurd Rokne i utfor. Sjåstad deltok same sesongen i VM i alpine greiner 1954 i svenske Åre, men hamna langt nede på resultatlistene.
Under alpint-NM 1955 på Oppdal vann Sjåstad sine to fyrste NM-gull, i høvesvis storslalåm og utfor viste han hardaste konkurrenten, Sigurd Rokne, til sølvplass. Vinteren 1956 deltok Sjåatsad for Noreg under vinterleikane i Cortina d'Ampezzo i alle tre enkeltrenna, der ein 14. plass i utfor vart han beste plassering. Til saman gav prestasjonane i enkeltrenna ein femteplass i kombinasjonen, ei øving som ikkje stod på OL-programmet, men vart rekna som VM-tevling. Seinare same vinteren tok han to sølvmedaljar og ein bronsemedalje då NM 1956 vart avvikla på Norefjell.
Noregmeisterskapen i alpine greiner 1957 var delt mellom Oslo og Voss. Sjåstad sigra i alle tre tevlingane, i slalåm og storslalåm med god margin, i utfor derimot med minst mogleg margin; 2.04,8 mot Petter Støle sine 2.04,9. I 1958-sesongen deltok Sjåstad i VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein, og enda enno ein gong langt ned på resultatlistene. Under NM 1958 i Oslo vann han derimot gull i utfor, sølv i slalåm og bronse i storslalåm.
I 1959 vart den alpine noregsmeisterskapen for fyrste gong avvikla i Nord-Noreg, med Narvik som arrangørstad. Her tok Sjåstad sitt fjerde og siste NM-gull i utfor, og fekk med seg ein sølvmedalje i storslalåm. OL-sesongen 1960, som vart hans siste sesong, vart Sjåstad noregsmeister for åttande gong då han vann storslalåm på Norefjell. Utforrennet vart avlyst.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar